Kamptrøytt – å vere føresett til eit barn med ufrivilleg skulefråvær

(Biletet inneheld sitat frå føresette både lokalt og nasjonalt. Dei er delt med løyve, omarbeidd til nynorsk, og i nokre tilfeller korta ned)

Omgrepet «omsorgstrøtthet» er velkjent blant dei som jobbar i omsorgsyrker. På mange arbeidsplassar innan omsorg/helse er det tiltak og tilbod knytt til å følgje opp tilsette. Også pårørande til alvorleg sjuke, enten det er barn eller andre familiemedlemmar, vert fulgt opp av eit system og pårørandetiltak frå helsevesen og ulike interesseorganisasjonar. 

Uansett årsak til at ein nærtståande treng noko ekstra er det normalt at ein pårørande kjenner seg sliten av å måtte vise omsyn og omsorg heile tida. Når ein står i ein krevjande omsorgssituasjon kan det kjennes som om omsorgen vert oppbrukt. Det kan ramme alle, og handlar ikkje om mengda kjærleik ein har for denne personen, men om totalbelastninga over tid. Empati og medkjensle vert tynnslitt.

I Sunnfjord Kommune sitt skulefråværsprosjekt kjem det opp mange ulike problemstillingar, tema og behov. Noko vi stadig vender tilbake til er utmattinga og fortvilinga som føresette til barn med skulefråvær kjenner på. 

Når det er tomt…

Utmatting blant denne gruppa føresette er ofte underkommunisert, og får heller ikkje anerkjenning som den belastninga det er. Ein er van med å tenke at dette berre oppstår hos føresette med kronisk/alvorleg sjuke born, men vi ser det like mykje hos føresette til barn med ufrivilleg skulefråvær. Sjølv om det er aukande aksept for at desse kjenslene oppstår hos denne gruppa, er det ikkje nok til at det omsnakka eller finst tilbod om hjelp. Ordet «omsorgstrøtthet» er heller ikkje dekkande for kva situasjonen faktisk inneheld av kjensler.  Det handlar meir om ei utmatting/kollaps som oppstår når ein har stanga hovudet i veggen i lang tid, enn å vere sliten av ei stor omsorgsbyrde i heimen. Ein systemallergi som slår ut i helveteseld når ein må sitte gjennom nok eit møte der ein av ulike årsakar går like tomhendt ut som ein gjekk inn. Ikkje av di folk ikkje vil hjelpe, men av di ingen eig problematikken. Tenester er mangelfulle, dårleg koordinert, det manglar kunnskap om tematikken hos personar og instansar som skal hjelpe, og laget rundt barnet smuldrar vekk i sjukemeldingar, avbod til møtet, gløymde møtet, fekk ikkje innkallinga, sprengde timeplanar og andre forklaringar. 

Psykosomatikk

Ei slik utmatting har negative konsekvensar for helsa. Fysiske symptom som ulike søvnproblem, muskel og leddplager, redusert fysisk yteevne, kognitiv svikt og nedsett konsentrasjon er vanleg og forståeleg når kroppen går på sparebluss. I tillegg kjenner ein på ei mental utmatting, ei kjensle av å vere utilstrekkeleg, ein dårleg føresett. Dette går ut over sjølvkjensle og sjølvtillit. Nokre opplever redusert empati – ikkje av di ein ikkje evnar det, men ein orkar ikkje. Ein kan kjenne seg nummen, irritabel, og erfare angstsymptomar. Det kan kjennes som om berre eit einaste menneske treng noko frå deg så kjem du til å skrike høgt. 

Kampen i hengemyra

Mange føresette i denne gruppa opplever å trakke rundt i ei systemhengemyr i mange år. Stadige køer i hjelpeapparatet, bytte av behandlar og sakshandsamar, manglande tiltak, manglande kompetanse i skule, skulehelseteneste, ppt, spesialisthelsetenesta, både kvar for seg og i kombinasjon, negative haldningar, verte mistenkeleggjorde, melde til barnevernet, lista er lang. Så kjem sinne, fortviling og frustrasjon over å stå i denne systemhengemyra. Nokre born vert så dårlege av situasjonen at dei treng meir oppfølging i heimen enn andre, t.d. ved autistisk utbrenning der ein plutseleg kan verte nøydd til å hjelpe ein elles oppegåande ungdom med tannpuss og mat. Å verte ramma av utmatting når ein står i slike vanskelege pårørandesituasjonar over mange år er vanleg. Ein er rett og slett kamptrøytt!

Dårleg samvit, skam og skuld

På toppen av dette kjem så det dårlege samvitet. For som føresett, har ein lov til å kjenne det slik? Bør ikkje ein forelder tole meir, kanskje tole alt? Skal ein ikkje ha uendeleg empatisk kapasitet for familie og den ein er pårørande til? Å ikkje få barnet ditt på skulen er også forbunde med skam og nederlag. I tillegg kjem sorga over å ikkje klare hjelpe det du har mest kjær, og bekymring for barnet si framtid og utdanningsmoglegheiter. Dette vert ekstra sårt og bidreg til ytterlegare belasting for føresette som allereie kjenner seg stigmatiserte.

Sosial isolasjon

Nokre av symptoma på slik utmatting medfører også unødige konfliktar. Når ein ikkje har overskot til å engasjere seg i kvardagen til dei rundt, enten det er familie, vener, kolleger, vil det på sikt kunne gå ut over relasjonen ein har til desse personane. Dei opplever gjerne personen som utålmodig, sintare, mindre omsorgsfull, og trekker seg tilbake, enten det er medvite eller ikkje. Det er ikkje uvanleg med krangling om ein bryr seg for lite eller for mykje. Ofte høyrer vi om svært høgt konfliktnivå og fastlåste situasjonar i saker med ufrivilleg skulefråvær. Utslitne føresette som til slutt anten går rett i forsvarsposisjon eller gjer opp er ikkje uvanleg. Mange år med møter som ikkje fører nokon veg tærer sterkt på tålmodet. Ein får heller aldri tatt seg inn att – som føresett står ein i dette 24/7. Nokre må tillegg over på pleiepengar eller jobbe redusert for å ta seg av barnet som ikkje greier å gå på skulen. Då misser ein den pustepausen jobben kunne vore, om ein har kapasitet til å stå i jobb. Dette får igjen konsekvensar for den føresette si sjølvkjensle og identitet, i tillegg til den økonomiske belastninga. Dei konsekvensane som oppstår også utanfor familien er kostbare, både for enkeltindivid og samfunnet. Vi snakkar om tapte skatteinntekter, men og om redusert inntekt for personane det gjeld, redusert livskvalitet, ei livssorg over kanskje å måtte gje opp ei karriere og ein jobb ein trivst med, redusert mental helse. Så kan vi i tillegg rekne på kva det kostar med alle dei ungdommane som endar opp i utanforskap. 

Ufrivilleg skulefråvær er ikkje berre eit skule- eller helseproblem, det er eit samfunns -og folkehelseproblem. 

Hvis du vil vite mer om det arbeidet som Skulefråværsprosjektet gjør, så kan disse episodene anbefales:


Forrige
Forrige

Masking by Sarah Wild